søndag 30. august 2009

Til Kina!


Så er Camilla og Sindre reist til Kina. Det blei ei fin familie og vennehelg i Oslo sist helg i den forbindelse.
Utsendelsen frå Storsalen, sundag kveld, vart ei sterk og fin stund.
Vi minnes jan. - 80, då vi sjølve tok farvel med familien for å dra til Sør - Amerika. Heldigvis er verden blitt mykje "mindre" sidan den gong.
Er blitt stoppa opp for den enkeltes verdi. Er så takknemleg for at vi har ein stor familie, slik at vi fortsatt har nokon vi kan treffe litt oftere enn dei som har reist....
Men likevel, om vi har alle dei andre, kan ingen erstatte "Camilita og Sindre. Det er berre dei som er dei. Kvar og ein er uerstatteleg for far og mor/svigers. Ingen kan erstattes. Kvar og ein er unik!
(No er det heldigvis tidsbegrensa, - fire år, - og imellomtida besøk, - så vi skal ikkje syte for mykje! Og skipe hjelper!)
Slik er det med han som har så mange, mange også........ingen kan erstatte den som "reiser bort" frå han. Ingen kan fylle ein annen sin plass. Fordi kvar og ein er unik! Sjølv om han er like glad for og i alle dei han har, er han akkurat like glad i den som har tatt avstand frå han, - og han er på leit etter den som forvillar seg bort!

torsdag 13. august 2009

Plukke plommer!





"Kom og plukke plommer
I Guds store kjærleikshaust
Jesus inviterer
Solmogne plommer sit laust
Sjå kor tungegreiner
Duvar over deg
Vi skal plukke plommer
Saman, du og eg..."
Dette syng "Skruk" og Katia Cardenal medan eg skriv no
Det er ein nattverdsang i "Misa campesina", messe for Kari og Ola...som er ei aldeles nydeleg plate...som har sitt utspring i messe for bønder i mellom - amerika....
Det er første hausten at treet vårt har gjeve oss så mange plommer. No går vi allereie og kosar oss, - og let dei vel helst ikkje få mogne tilstrekkeleg! DET er viktig! La oss ikkje "hauste inn", og rive av før dei er mogne, - kanskje kan det få konsekvensar?
Lilja vår sto så vakkert og gledde oss på dåpsdagen til Hannamaria!
Ei herleg lilje er vesla, -til glede for alle!
(Bileta er tekne for få min. sidan.)

Livet på Bjoa!











Prøver å komme i form. Her er vi på "Hovda", ein "nut" på Bjoa som det er ein liten passeleg kveldstur til. Elles går vi på "Kyrkjenuten" som ligg rett ovafor oss, - den tar det ein ca. halv time å bestige!
Elles har noken av våre lært ho "gamlemor" å trimme "intervall", - så ho spring som ein gal iblant!
Begynt på arbeid har eg også, - to veker nå, - eg har ein god arbeidsplass!
Ligger på spikermatte også, - så mangt nytt å berette!
Elles har vi siste tida hatt mykje besøk av våre, - og kosa oss masse!
Høydepunkt:
Dåp for vesle Hannamaria Elena hadde vi på sundag her heime! Ein strålande dag, - med eit nydeleg dåpsbarn! Godt når dei små vert lagt så fullstendig i Guds famn!
"Då sa Jesus: Lat dei småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg, for himmelriket høyrer slike til." Matt.19.14.

torsdag 23. juli 2009

Regnbuen!











Eg er litt overtroisk anlagt av meg!-
Under regnbuen ber eg, - Frelse, helse og så drister eg meg til eit konkret bønneemne!
Regnbuen minner meg alltid på løftene! Dei svikter ikkje!
På "fjellet" mellom Bjoa og Ølensvåg er det fred å finne! Ein sein kveldstime fekk eg farten opp som om eg var med i eit løp, freden forsvant - det brølte inni skogen, ein lyd eg aldri før hadde merka meg. Det var nok hjorten som syntes det var for seint for to - beina å vandre ute!
"Avlessingen" sto det på eit skilt vi kom til rett etter brølet der redselen tok eit tak! Gunnar peika på det for meg. - Og sant nok, - "lesser vi av litt" der frykt for ting høyrer heime, hos Han som satte regnbuen på himmelen, lever vi så mykje betre!!!

torsdag 9. juli 2009

Himmelen gløder!




I kveld gløda himmelen i solnedgangens time, - så sterkt , at eg mest ikkje veit om eg har sett det så mektig før!
"I den tause midnattstime og ved månens bleke skjær"
Ikkje akkurat blekt skjær i kveld,
men en taus midnattstime ...blei dette for meg...
"....jeg vil lytte etter lyden av Hans trinn".

lørdag 4. juli 2009

Tidssone er ordnet!

Såååå lett var det å få rett klokkeslett! Dei unge kan det meste!

Barnebarnet og klokkeslettet!

Vårt herlege barnebarn!! Kan tru vi har kosa oss eit par dagar no i Telemark ved Tinnsjøen! No gler vi oss til ho og foreldra kjem til Bjoa i slutten av juli. Barnedåp hos oss den 9. aug.


Tenkte eg måtte la alle "mødre" få vite at eg faktisk sover litt om nettene eg og. Inklusivt meg sjølv, har eg merka at klokkesletta på blogginnlegga ikkje harmonerer med når eg skriv dei, - slik at det har fått nokon til å tru at eg ikkje sover, om nettene iallefall! (Det stemmer delvis dei siste nettene på Helligvær, for då måtte eg oppleve sola.)


Kva tidssone som har sneke seg inn på min blogg, veit eg ikkje! Skal få ein av mine fagkyndige i familien til å sjå på det!Klokka er no 11.20 på morgon!- Så bekymre dokke ikkje, - eg er ikkje oppe heile nettene!!! Verken eg eller vesla. Ho sover så godt, kan dokke tru!!

Heim til Bjoa.


Så er vi flytta tilbake til Bjoa. Turen heim med hurtigruta var berre fantastisk. Og godt var det å få litt gode opplevingar etter ei heller tøff avskjed. Eit godt kapittel i livet ligg bak, med mange gode minne!
Sydentemperatur slo imot oss då vi ankom Bergen, for så å køyre det siste stykke heim.
Og slik som vi var vant til på Helligvær, løftar vi framleis blikket mot sola om kvelden, - og får oppleve at Bjoa er jammen meg nydeleg det også ein sein kveldstime. Bildet her er tatt frå huset vårt. - Men at det var sååå mørkt om natta, - det blei framant!
No består tida i å nyte sommarvarmen på altanen, og så inn att for å rydde, og rydde til! Eit flott bryllup fekk vi ta del i, berre dagar etter at vi kom heim. Linda Eiken var ei nydeleg brud, saman med sin staselege Christian frå Molde!
Akkurat no er vi i Telemark og nyter barnebarnet vårt. Er på farten heim att!
Ha ein god sommar fortsatt!

fredag 19. juni 2009

Midnattsol!







Dei siste nettene har vore aldeles nydelege. Det resulterer i lite søvn, men kven vil legge seg når sola skin inn gjennom stovevinduet heile natta!Camilla og Sindre som reiste i dag, har slik fått oppleve midnattsola på sitt beste.....det kjem nok noko på deira blogg ganske så snart,vil egtru!

Skuleavslutning i dag, sårt å bryte opp herfrifrå, vi er blittså glad i "den heilage plett" på jord, og ikkje minst i folket som bur her!

Ein liten epistel innimellom pakking og vasking!

tirsdag 16. juni 2009

Oppbrudd

Ein kveld ved midnatt for vi to utpå fjorden, og utpå det opne hav. Det var blikkstille, sola gav sitt gjenskinn i sjøen, havørna opptredde for oss, og oteren dukka fort ned innved land.

I dag reiste Solveig og Jan, medan Camilla og Sindre er turistar eit døgn. Kjem att i morgon. Midnattssola har ikkje vist seg frå sitt aller beste i det siste, men S og J fekk sjå den godt mellom skyene i flotte perlemorfargar første kvelden. No ser det lyst ut for dei som er igjen, - idag, morgon?

Husvask står på programmet, og ikkje verst med besøk som tek del.

Så hopper vi ombord i hurtigruta med fullasta bil,natt til mandag. De skjønner,vi er blitt glad i den båten!

mandag 8. juni 2009

Ei blomehelsing.


Ei blomehelsing til deg som ser desse vakre tulipanane. Vi var på ein fantastisk flott tur til Brønnøya i går. Der finnes det to fastbuande, - og så desse flotte blomane då!

Midnattsol.












Fantastisk tid på Helligvær no.
Bileta talar for seg.



torsdag 4. juni 2009

Midnattsol.


Bilde er frå natt til i dag,3. juni.
Midnattssola i sin heilhet, startar 6. juni her hos oss!
Det er over midnatt no, og sola for for få sekundar sidan bak ei sky.....det er lyst heile natta.
Lys treng eg ikkje ha på i stova. Og eg skulle yngst eg heller ikkje hadde trunge søvn.
Utsikt frå huset vårt.

tirsdag 2. juni 2009

Er din plass tom?


På den idylliske staden, Nyksund står denne stolen ledig.

Pinse i Vesterålen!














Vesterålen, - også ein nydeleg plett på jord.
Bileta er frå Strengelvåg , i Øksnes kommune. Det ligg i nærleiken av Sortland, næraste by.
Sandstranda var eit syn, og ein god sommardag, må dette vere "syden" på sitt beste.
Fjellet du ser, er "Klo-tinden".
Bileta vert mørke når ein tek mot lyset, men det var lyst som dag, då vi vandra over midnatt. Midnattsola har gjort sitt inntog.
Regn ogvind prega denne pinsa, men vi var heldige som fekk oss ein god "gløtt" av sola natt til 1.pinsedag.


mandag 25. mai 2009

Vår "heilage plett" i solnedgang!











Båten heim i går gjekk om Givær, øya, som ligg værhardt til. Vi sat oppe på dekk mellom Givær og Helligvær i går! Det var blikkstille!

Kaibilde frå "vår heilage plett" på jord.

Bilde fråsolnedgangen i går kveld.....

Her kommer bilde frå Tromsø - turen.







Bodø - Tromsø - Bodø.

Får opp at p.g.a."intern feil" får eg ikkje koble opp bilde. Eg håpar eg snart får orden på det, - for endeleg skulle eg legge inn nytt innlegg.

Kr.himmelfartsdag satt vi oss på hurtigruta att, denne gong for å ta tur/retur til Tromsø. Eit fantastisk vær, og mange fine opplevingar. Sola er oppe døgnet rundt i Tromsø no, men skyene kom utpå kvelden når vi var der, så det"store bilde" derfrå har vi ikkje. Men mange andre flotte bilde, og difor kan turen best formidlast ved å koble til bilde.

Og som ikkje dette var godt nok, fekk vi igjen oppleve ein solnedgang av dei flotte i går kveld/natt her på øya. No manglar det berre dagar på at sola ikkje går ned for oss her, og ønske er stort om at sola vil vise seg frå sitt beste frå beg. av juni..

16.mai hadde vi også ein flott tur til Landegode, ei kjent øy mellom Bodø og Helligvær, og gjekk nesten to mil, att og fram, så langt vegen rakk, -i eit nydeleg landskap, med fjell, skog, hav og flotte strender. Havørna viste seg frå sitt beste, -og været var slik at andleta fekk litt for mykje av det gode til 17. mai.

17.mai. Toget var eit herleg skue, og det nyoppretta korpset gjorde ein flott innsats denne dagen.

Eit par dagar lånte vi skulebåten og tok oss ut til andre øyer i nærleiken og drakk kaffe!

Ja, været har berre vore heilt fantastisk, og opplevingane har vore deretter....

Så gjenstår det å sjå om eg kan få lagt ut bilde.......

tirsdag 5. mai 2009

Rorbuene i Nyvågar


Kabelvåg



Tatt frå rorbua, Nyvågar i Kabelvåg.

Meir Lofoten!


Lofottur.

I eit drømmevær, den 30.april, la vi ut frå land i Bodø med hurtigruta, Richard With. Sola frå den skyfrie himmelelen spegla seg i havet, og "hildringstimen" var eit syn verdt. Og medan vi nærma oss dei enda snødekte fjelltindane i Lofoten, var det ikkje teikn til rørsle i båten. Det var lite rørsle også blant turistane, for stilla som låg som ei respekt for naturopplevingane, kunne merkast. Kvar enkelt nytte denne turen som var er ei balsam for ei stressa sjel.
Like før Svolvær, møtte vi denne hurtigruta, som nok er av ein eldre utgave enn den vi var på. Dei helsa høglydt på ein annan når vi passerte.

Lofoten var like så flott og majestetisk som vi hadde forestilt oss, så eg skal sjå om eg får legge inn fleire bilde. Høgreiste fjell, vakre strender og det vide hav. Det var fiskegjel, fiskebåtar og fiskehavner og - fugleliv.....Det var bygder på dei mest utenkjelege stader, - nydelege rorbuer, - og, ja, det er ikkje noko å lure på, - du må berre ta turen å nyte det.....

søndag 26. april 2009

Flo og fjære!

Nokre veker sidan dette hende, - men berre eit tips om at vi må heim og over til andre sida, før floa kjem over oss.
Her i nord er det stor forskjell på flo og fjære, og spesielt ved påsketider kan det vere 3-4 meter i forskjell.
Heldigvis fekk vi bygd opp med store steinar, og rekveden kom godt med både som bru og stav.

Elles har vi hatt ei fin helg, der vi har vore på møter under årsmøte til Normisjonen, utan at våre venner heilt har fått oss til å "konvertere" til deira misjon. Vi var tre par som hadde hotellferie i Bodø i helga!
Det siste møte var i Bodin kyrkje i dag. Så om ikkje det var nok, reiste vi heim med båten klokka 17, der presten derfrå var med ombord, for så å ha gudsteneste i Helligvær kl. 19.15. Vår kyrkje ligg under dette prestegjeldet.Vi rakk ikkje gå heimom (jo, Gunnar for heim med bagasjen), og reiste så med skyssbåten til kyrkja. Så for andre gong i dag, fekk vi høyre om sauene som treng ein hyrding......
Ei fin avslutning på ei møtehelg, der vi var tolv disiplar som låg rundt altarringen og fekk ta imot Guds Nåde, synleg, av ein Herrens tenar!

lørdag 18. april 2009

Barnebarnet igjen...


Klarer ikkje halde meg. Må legge inn eit bilde til!
Her ligg vesla i sin mjuke, varme og nydelege pose som blei til ei felles - gåve frå Helligvær/Tinn.
Skinn frå villsauene på Helligvær og arbeida til eit flott husflidsprodukt i Tinn!!
Gud velsigne deg, og mor og far!

torsdag 16. april 2009

Veslejenta!


Etter å ha forstått at det er heilt i orden, og at det berre er koseleg at vi vil legge inn bilde av vårt nydelege barnebarn, - gjer eg det!
Det er den vesle som opptar oss aller mest for tida, det er ingen vårblome som er så flott som henne!
Eit under så stort!
Takk til Skaparen!

onsdag 15. april 2009

Naturopplevingar i kø.




På tur langs stranda i dag, fann vi raudsildra, eller berg - gull som den vert kalla her, i full blomst.
Solnedgangen i kveld har vore eit fantastisk skue. Først sto himmelen i "full flamme", for deretter å mildne i fargane. Først no kl. 11 forsvinn dei nydelege fargane, men enda står himmelen som eit lyst belte i vest.

Eit solskinnsbarn?

"Gud vil
eg skal vere
eit solskinnsbarn
å lyse...."

Nei
Gud
du vil
eg skal vere
- den eg er -
å lyse...

I sinne
i gråt
i solskinn
å lyse....
for Deg!




tirsdag 14. april 2009

Forrett!


Det blei reine storfesten med denne forretten, bayonneskinke til hovedrett, is og varme bjørnebær til dessert på Kjelsås bedehus i påska.
Ikkje verst å ha familie som disponerer eit heilt bedehus!
Og ha ein heil familie som lagar til fest for ein! Og ikkje var dagen med ein 0 i heller, berre midt i mellom!
Men kjekt var det. Ho "gamlemor" gjorde ikkje anna enn å ete, - og det kan ho,- kanskje det er ein av grunnane til at ho ikkje legg ut bilde av seg sjølv så lett?
Denne retten var det visstnok dei to minste håpefulle som klarte å få så fint til. - Dei som lurer på kva vi elles foretok oss på ein fest på bedehuset, så vart det ikkje dans denne gongen, men kortspel! Og dei som kjenner Norenesfamilien kan gjette at det var "canasta"!!!
Eg skal ikkje nemne på kven som ikkje likar å tape, det vert for familiært i ein slik blogg!
Elles er det fint å vere tilbake på Helligvær att og, men vi var lenge nok i Oslo til at vi no får kjenne på besteforeldrerollen. Og den er god, kan vi berette!!!
Og er det nokon som lurer, så er vi besteforeldre til verdens skjønneste jente!

søndag 12. april 2009

Hoggorm!

Denne møtte oss på veg ned frå Ullevålseter, påskeafta. Rett etter fekk vi auga på ein til, - så pass opp for solholer allereie i april!

Det var forøvrig ein fin tur vi hadde saman med Camilla og Sindre. Nydeleg å sitte å drikke sjokolade m/krem, i solveggen, etter oppstigningen dit.

"Se, jeghar gitt dere makt til å trå på slanger og skorpioner og over alt fiendenes velde, og ingen ting skal skade dere." Luk. 10.19.


Vi koser oss framleis i Oslo saman med barnebarnet som berre er heilt herleg!!!

Blåveis!


Dette nydelege synet møtte oss langfredag då vi vandra oss ein tur i snøen, i sko og støvlar, i Drammenstraktene, medan andre susa forbi oss på ski. Den sto skjerma ved foten av eit tre, med snø rundt seg.
Jo, våren er komen!!
"Visst skal våren komme,
visst skal jorden bli ny......"
Fortsatt god påske!

torsdag 9. april 2009

Stolte besteforeldre!


Ja, no er det skjedd! 1.april kom jenta til Eline og Lars Kristian, og vi er stolte besteforeldre! Eg overlater til foreldra sjølv kva dei vil legge inn av bilete, - men eg kan fortelle at ho er aldeles nydeleg, eit nydeleg produkt av Gud, med hjelp av to flotte foreldre. Akkurat no skrik ho i bestefar sine armar. Vi er i Oslo og koser oss samen med den lille og heile "barneflokken".

Har vore ein tur på Vestlandet og, og sett om våre der.

God påske!