lørdag 27. desember 2008

Jul på Helligvær.

Kor vi har kosa oss!
Alle borna/svigerborna kjem og reiser heile jule/nyttårshelga.
Det har vore fisketur med havørna seilande rett over hovudet, snø og is og regn....og vind! Vi har vore på adventsamling på helsehuset.Vi har vore med skyssbåt til kyrkja på Storsørøy 1.juledag der m.a. Hannah Eline og Lars kristian song og spela "Hellige natt" på høgtidsgudstenesta! Vi har gått att og fram på øya,- tar ca. ein time, - og vi har vore strandvegen og gått opp i heiane og nytt utsikta derifrå. Då ser ein alt, - over til Bodø (men det var ikkje sikt i dag), ut mot havet, mot Lofoten og øyene rundt. Vi har kosa oss med gløgg ute i det fri i ly for vinden, og vi har vore i "familieselskap" hos gode venner!

"Ungane", utenom minstemann,søv i ei hytte i "Godtkrokan", ti min. å gå, mens vi elles held til i "huset på prærien", der vi har vår heim no. Huset er ikkje så stort, så difor leige av hytte.

Jul, med god mat, tv.titting, spel og god prat. Vi har det godt! Fortsatt god jul!!!

Helligvær.


Gunnar og eg (Herlaug) bur eit skuleår på Helligvær. Det er ei øygruppe, fiskevær, ca.3 mil rett vest frå Bodø. Det er eit øyrike beståande av ca. 365 øyer, holmar og skjer. Det bur vel 90 menneske på Helligvær. Vi bur på hovudøya der det både er butikk, skule/barnehage og fiskemottak! Meir treng vi ikkje. - Gunnar jobbar på skulen som lærar, og eg får lov å vere heime å lage middag til maen og gå på butikken å handle. Det er godt å få lov til å "senke skuldran" for ei tid!


Dessutan kosar eg meg med å skrive litt, så kanskje kjem det ein liten "epistel" innpå bloggen her!


Dette er ein vidunderleg stad! Vi kjem ikkje lengre på at vi skal i bil når vi skal nokon stad, for det skal vi jo ikkje. Det er vel tre bilar på heile øya, og nokre få traktorar. Når vi skal frakte mykje varer heim frå kaien, låner vi oss ei trillebår, slik er den suta løyst. Når vi skal til byen, er det i båt, - men mellom klokka 15 på laurdag - kl 18.30 på sundag må vi halde oss i ro, om vi ikkje har fiskebåt eller anna båt å kome oss avgarde med. Og det har ikkje vi!


Men vi har så mykje meir! Vihar havørna, vi har nordlyset, mørketid og midnattsol, - flotte menneske rundt oss, og så har vi kvarandre.


Så Ønsker vi GOD JUL til den som måtte kome over dette! Herlaug og Gunnar.