torsdag 19. februar 2009

Å vere menneske!

Å vere menneske!

Båt
på stille sjø
skyfri himmel
kaffikopp
i det
fri
- alt er
harmoni
- rundt meg.



Båt
i oppskaka sjø
mørke skyer
kaffikopp
mørk og
beisk
- alt er
kaos
- i meg.

Takk
eg har det bra
det skrik
- i
- mi sjel!


(etter katino)

lørdag 14. februar 2009

Vinter!


Inn mot "Godtkrokan". Sykkelen er i bruk, sommar som vinter.
Her er nye, flotte hytter som vert leigt ut!
Her drister fotografen seg til endeleg legge ut eit bilete av seg sjølv.....dog som skygge.

Solfylt vinterdag!











Når det ikkje er bil å plassere i vegkanten, er der plass til båten!
Fiskegjelet er eit ynda motiv for meg, - men lukta som dunsta derfrå i dag, kjem diverre ikkje innpå bloggen, og er heller ikkje like ynda.
Det er ikkje berre fisk som heng til "tørk" på fiskegjelet. Kråkene som eg trur i dette tilfelle ufrivillig har kome hit, heng heilt bokstaveleg talt som fugleskremsel for sin eigne.
Flytebrygga er i mange etapper, så slik får vi foreviga fiskegjelet frå langt ut i sjøen.

fredag 13. februar 2009

Tryggleik!


Tryggleik.

Vi går heimover
det er midnatt
ein pusekatt kjem
følgjer oss heim
heilt til trappa -
det er så stille
så fredfullt
kjenner oss så trygge i denne hamna
det kjennest godt

Tryggleiken
til å ta og føle på
kva om eg hadde gått heim
midt på natta
i byen - -
kor eg skulle yngst at alle kunne få kjenne på dette
å bu på ei stille øy
tryggleiken
på ein fredfull plett

Ein dag
skal du få kjenne det
om du ønskjer
men du må la Han
som styrer verden
og den freden som kan herske på ei øy
få lov til å styre deg fram -
slik at du ein dag
kan kjenne den freden som det er i
å kome til ei stille hamn….

tirsdag 10. februar 2009

Vinter!



Det blæs godt. For øyeblikket er han sterk kuling, 19,9 m/s. Klokka 22 i kveld vert han til liten storm...

Ikkje det at eg er så enormt opptatt av vær og vind altså......!?

I går ettermiddag kom vi heim med rutebåten frå byen, og snøføyket slo imot oss då vi kom til kai. Det var allereie danna fonner i vegen.Men ein meir behageleg båttur enn den vi hadde skal vi vel leita godt etter no vinterstid! Men den sure vinden slo mot oss på vegstubben heim til "prærien".

Dette bilete er teke i dag.

lørdag 7. februar 2009

Laber bris, 7,7 m/s og - 5 grader.











Gjett kven som er flittig brukar av yr.no for tida?
Det er KALDT i nord. Sjøen frys, flytebrygga frys, men sola sender ut sine stråler så godt ho berre kan! Havørnene trossar vær og vind, og fleire av dei vinka til meg i det eg skulle inn i huset: "På gjensyn".
I dag har sanitetskvinnene (inkl.eg) vore i "skogen" (les "prærien) og skore av greiner til fastelavnsris. Det finnes altså på øya.
God helg!

fredag 6. februar 2009

Firhjuling!



Slik har damene det på Helligvær!
Heim etter føremiddagskaffi hos meg i dag! Så dette er eit skikkeleg ferskt bilete!

(Til opplysning: har fått lov å legge inn dette bilete av tre flotte damer.)

torsdag 5. februar 2009

Fyrlyset.


Etter sleipner - ulykka i år 2000, er det satt opp ei rekkje med fyrlys i området. Trur det er ca. 30 av dei, og det kan trengast mellom ca.365 øyer, holmar og skjer. Vi ser eit av dei frå oss. Dette er teke frå "sentrum".

Fiskegjelet og kulde!

Eg tok bilete gjennom fiskegjelet då eg tok meg min vesle trimtur til "Godtkrokan" i dag.

Men korleis fingrane mine fraus i dette øyeblikket, det kjem ikkje fram på bilete. For med liten kuling på ca. 11 m/s frå aust, samt kuldegrader på -4, var det rett og slett ikkje noko for naken hud. Men, det var kun andlet og fingrar som fekk kjenne det og, for varmedressen holdt kulda ute!

I dag skulle eg ha lagt inn eit bilete av nordlys, kan de skjønne! Men det vart ikkje foreviga i går kveld. Eg var på veg heim i halv 11 tida om kvelden, då himmelen lyste opp, både her og der, av flotte nordlys, så nydeleg som eg ikkje har sett dei før. Dei bar preg av eit lite grønnskjer. Dei bevega seg fort, og laga mange formasjonar. Det er eit syn verdt, trur alle bør ha seg ein vinter i nord!
(Trykk gjerne for å sjå bilete i stort format, då får du eit skikkeleg innblikk i tørrfisken...Fisken er altså ikkje salta, berre hengt til tørk.)

onsdag 4. februar 2009

Utsikt frå huset vårt.


Noko av utsikta frå huset vårt, - bortover mot kaiområdet!Sjøen snik seg oppover mot huset, alt etter flo og fjære.