søndag 26. april 2009

Flo og fjære!

Nokre veker sidan dette hende, - men berre eit tips om at vi må heim og over til andre sida, før floa kjem over oss.
Her i nord er det stor forskjell på flo og fjære, og spesielt ved påsketider kan det vere 3-4 meter i forskjell.
Heldigvis fekk vi bygd opp med store steinar, og rekveden kom godt med både som bru og stav.

Elles har vi hatt ei fin helg, der vi har vore på møter under årsmøte til Normisjonen, utan at våre venner heilt har fått oss til å "konvertere" til deira misjon. Vi var tre par som hadde hotellferie i Bodø i helga!
Det siste møte var i Bodin kyrkje i dag. Så om ikkje det var nok, reiste vi heim med båten klokka 17, der presten derfrå var med ombord, for så å ha gudsteneste i Helligvær kl. 19.15. Vår kyrkje ligg under dette prestegjeldet.Vi rakk ikkje gå heimom (jo, Gunnar for heim med bagasjen), og reiste så med skyssbåten til kyrkja. Så for andre gong i dag, fekk vi høyre om sauene som treng ein hyrding......
Ei fin avslutning på ei møtehelg, der vi var tolv disiplar som låg rundt altarringen og fekk ta imot Guds Nåde, synleg, av ein Herrens tenar!

lørdag 18. april 2009

Barnebarnet igjen...


Klarer ikkje halde meg. Må legge inn eit bilde til!
Her ligg vesla i sin mjuke, varme og nydelege pose som blei til ei felles - gåve frå Helligvær/Tinn.
Skinn frå villsauene på Helligvær og arbeida til eit flott husflidsprodukt i Tinn!!
Gud velsigne deg, og mor og far!

torsdag 16. april 2009

Veslejenta!


Etter å ha forstått at det er heilt i orden, og at det berre er koseleg at vi vil legge inn bilde av vårt nydelege barnebarn, - gjer eg det!
Det er den vesle som opptar oss aller mest for tida, det er ingen vårblome som er så flott som henne!
Eit under så stort!
Takk til Skaparen!

onsdag 15. april 2009

Naturopplevingar i kø.




På tur langs stranda i dag, fann vi raudsildra, eller berg - gull som den vert kalla her, i full blomst.
Solnedgangen i kveld har vore eit fantastisk skue. Først sto himmelen i "full flamme", for deretter å mildne i fargane. Først no kl. 11 forsvinn dei nydelege fargane, men enda står himmelen som eit lyst belte i vest.

Eit solskinnsbarn?

"Gud vil
eg skal vere
eit solskinnsbarn
å lyse...."

Nei
Gud
du vil
eg skal vere
- den eg er -
å lyse...

I sinne
i gråt
i solskinn
å lyse....
for Deg!




tirsdag 14. april 2009

Forrett!


Det blei reine storfesten med denne forretten, bayonneskinke til hovedrett, is og varme bjørnebær til dessert på Kjelsås bedehus i påska.
Ikkje verst å ha familie som disponerer eit heilt bedehus!
Og ha ein heil familie som lagar til fest for ein! Og ikkje var dagen med ein 0 i heller, berre midt i mellom!
Men kjekt var det. Ho "gamlemor" gjorde ikkje anna enn å ete, - og det kan ho,- kanskje det er ein av grunnane til at ho ikkje legg ut bilde av seg sjølv så lett?
Denne retten var det visstnok dei to minste håpefulle som klarte å få så fint til. - Dei som lurer på kva vi elles foretok oss på ein fest på bedehuset, så vart det ikkje dans denne gongen, men kortspel! Og dei som kjenner Norenesfamilien kan gjette at det var "canasta"!!!
Eg skal ikkje nemne på kven som ikkje likar å tape, det vert for familiært i ein slik blogg!
Elles er det fint å vere tilbake på Helligvær att og, men vi var lenge nok i Oslo til at vi no får kjenne på besteforeldrerollen. Og den er god, kan vi berette!!!
Og er det nokon som lurer, så er vi besteforeldre til verdens skjønneste jente!

søndag 12. april 2009

Hoggorm!

Denne møtte oss på veg ned frå Ullevålseter, påskeafta. Rett etter fekk vi auga på ein til, - så pass opp for solholer allereie i april!

Det var forøvrig ein fin tur vi hadde saman med Camilla og Sindre. Nydeleg å sitte å drikke sjokolade m/krem, i solveggen, etter oppstigningen dit.

"Se, jeghar gitt dere makt til å trå på slanger og skorpioner og over alt fiendenes velde, og ingen ting skal skade dere." Luk. 10.19.


Vi koser oss framleis i Oslo saman med barnebarnet som berre er heilt herleg!!!

Blåveis!


Dette nydelege synet møtte oss langfredag då vi vandra oss ein tur i snøen, i sko og støvlar, i Drammenstraktene, medan andre susa forbi oss på ski. Den sto skjerma ved foten av eit tre, med snø rundt seg.
Jo, våren er komen!!
"Visst skal våren komme,
visst skal jorden bli ny......"
Fortsatt god påske!

torsdag 9. april 2009

Stolte besteforeldre!


Ja, no er det skjedd! 1.april kom jenta til Eline og Lars Kristian, og vi er stolte besteforeldre! Eg overlater til foreldra sjølv kva dei vil legge inn av bilete, - men eg kan fortelle at ho er aldeles nydeleg, eit nydeleg produkt av Gud, med hjelp av to flotte foreldre. Akkurat no skrik ho i bestefar sine armar. Vi er i Oslo og koser oss samen med den lille og heile "barneflokken".

Har vore ein tur på Vestlandet og, og sett om våre der.

God påske!