torsdag 19. mars 2009

Fiskaren!



I dag har eg klart det utrulegaste! Eg fekk ein mail med dette bilete på, frå sjølvaste Røst, - og no har eg fått det over på bloggen! Men korleis gjorde eg det mon tru? --

Dette er altså eit skikkeleg fiskarbilete!

Og er han ikkje fin, - fisken altså?

onsdag 18. mars 2009

Bygevær!




Så har vi hatt bygevær! Her passerer det nord for øya vår! Skyene i øst!
Fiskaren er heimkomen, og gjett kva kan snakkar om? Det er fisk og atter fisk, fisk på opptil 20 kg. og alle dei tonna dei fiska opp av havet! Også om all den gode maten han åt ombord i sjarken! Snakkar lite om all den gode maten han sjølv "gav til fisken" - heldigvis, - det er nesten glømt.
Fiskarmiljøet opplevde han fint, - og fiskarheimen var visst ein "oase" å kome til for ein fiskar.
Skal sjå om eg får han til å skrive litt sjølv.

Hurtigruta!



Visste du at det går an å besøkje hurtigruta mens den ligg i ro eit sted?

Frå kl.13 - 15 ligg den til kai i Bodø, før den drar vidare nordover.- Middagen der er nydeleg , - var det "sesampanert flyndre" det heitte, mon tru?

Og vi måtte jo titte litt ombord elles og! Kanskje kan det bli eit havstykke på oss på veg heimover til sommaren? Vi får no sjå!!

Vinter på hell.



Vinteren er på hell, på Helligvær. Før helga var det slike "snøfigurar" å finne, men elles bart. Båten er til stades "over alt".

Men faktisk ligg det i dag et lett lag med snø att på øya.

mandag 9. mars 2009

Lofotfiske!



Mannen i huset er altså på Lofotfiske! Kor mange fiskar han mata i dag, veit eg ikkje! Eg synes litt synd i han. - Men han kom seg no på dekk etter kvart og fekk den store opplevinga det var å sjå båten bli lasta med minst eit tonn fisk. - Fisken vart dregen opp med "Juksa", ein etter ein. Ein fiskebåt har ofte fleire "jukser", - det er maskinar.

Større båtar fiskar med garn eller snurrvad. Ein snurrvad er som ei not ein snurpar saman. Dei får ofte opptil fleire tonn dagleg.

No kan eg få fiskarane på "nakken", for det kan jo hende at eg ikkje har klart å oppfatte alt rett, - men prøver etter beste evne å lære litt "fiskarspråk".

Fiskarheimen, Havly, var ein fin stad å besøkje i helga, forsto eg.

Ja, eg unner mannen min denne "gutedraumen" å vere fiskar!

(Men berre for ei tid, -eg klarer meg ikkje utan han altfor lenge.)

(NB. Og bilete er IKKJE frå Lofoten. Det skulle det jo vore, men diverre er ikkje "bloggaren" der....Skal prøve få fiskaren sjølv til å fortelje frå fiskaryrket sidan.)

Måneoppleving!!





Skulle jo hatt eit anna kamera i slike kveldsstunder.
Aldeles nydeleg å gå heimover i kveld i den kalde vind.....
Eg kan ikkje la vere å dele det med deg.
(Trykk gjerne bilete i stor størrelse.)

"Herre, som du har gledet meg,
med ditt verk har du frydet meg.
Underfullt er det verk som du gjorde,
Du, den, mektige konge vår store.
Ja, jeg jubler over verket stort,
over alt Du har gjort.
Herre, Kristus, takk for gjerning stor!"
(etter salme 92.5.)

søndag 8. mars 2009

Kuling og tørrfisk.




Stormfullt langs stien på østsida av øya i dag. Vinden skyvde oss til sides og fram, kuling, men om det var liten, stiv eller sterk er eg ikkje sikker på....vil tru sterk! Det tok lang tid før den raude kinnfargen forsvant etterpå, friskt og godt, ser du!
Syntes berre du måtte få sjå vårt "fiskegjel" også, som eg skreiv om tidlegare!
Eg har nok fått "bloggedilla", men det avtar vel etterkvart. Det er enda så spennande dette med å gje ut inntrykk av denne "heilage øya"!

lørdag 7. mars 2009

Rutebåten!



Rutebåten!

Eit vakkert syn kvar gong. Den er knytepunktet mellom øya og fastlandet. Den gjer sitt til at ein kan arbeide i byen. Pendlarruta går 06.20 om morgonen. Elles går det dei fleste dagar båt kl. 09.40 til byen. - Dei fleste dagane, går det båt frå byen både morgon, ettermiddag og kveld.

Ha ei god helg!

Fisk frå Røst!

To fiskebåter er nettop komen inn til havna frå Røst. Så her på denne kaia sto mannfolka og tok i mot båtfolket med opne armar.Dermed vart det meir enn i eit hus det var fersk fisk i går. Eg vart beden til våre gode venner på fiskemiddag etter at desse båtane var komne, og hald seg fast: Kokt skrei (torsk), lever, rogn og mølje! Mølje er ei blanding av flatbrød, honning, leverfett...ja, veit ikkje alt, kanskje tar eg feil, men ei "mølje" var det no, - som faktisk smaka godt!!

Havørna.



Såååå nært flaug havørna over meg i går. Ei oppleving kvar gong.

"Men de som venter på Herren, får ny kraft.De løfter vingene som ørner. De løper og blir ikke utmattet, de går og blir ikke trette." Es.40.31.

tirsdag 3. mars 2009

En hyggelig prat Kr. 0,-


Må alle like deg?

Kva har du att
å streve
for at alle skal like deg?
Ingen er tent med
mange
som vil
sluke seg opp

det vert stress ut av det

Vær deg sjølv
stå for det du seier
stå for det du gjer

Kos deg
med dei
som verkeleg
er dine venner,
som liker deg
akkurat slik du er!
(Bilete: oppslag på butikkveggen på kaien.)

Tørrfisk og Lofotfiske.



Her er tørrfisken "hausta inn". Den sto på glattisen borte ved kaien i dag.

Vi har to fiskar hengande på klessnora vår, og ein på bodveggen, så det er ikkje fullt så mykje som dette som kjem frå fiskegjelet.

På fredag kom det "rekande" ein stor "skrei",torsk, på døra vår! Den var kome frå Lofotfisket, frå Røst. Det var berre aldeles nydeleg! Fleire middagar har vi to av den.

På fredag skal Gunnar på Lofotfiske, til Røst. Der ligg det ein fiskar og ventar på han. Han gler seg enormt til å få med seg denne opplevelsen.

Værobservatører på Helligvær.

Våre venner her, har jobben med å "lese skyene", dei er værobservatører!Dei melder fire ganger i døgnet, natt som dag, korleis skyene ser ut. Er dei lave, mellom eller høge......og kva type skyer innafor desse felta er det?
Det kan f.eks.vere bygeskyer når dei er lave.

Denne vi ser på bilete her, må vel tyde ei snøbyge?

Ja, snø har vi hatt gong på gong gjennom vinteren. Den ligg gjerne ei vekes tid, men vinden er sterk og snøen blæs bort. Ofte er vegdekke dekka med is, som i dag. Det går mest ikkje an å gå på vegen enkelte steder. Vaktmeistaren strør, men det er strekningar det likevel er litt sparsomt av det. Eg veit eg skulle ha anskaffa meg broddar for lengst. - I går og i natt regna det meste av snøen bort, - og vegen vart isete, svært isete.