tirsdag 3. mars 2009

Tørrfisk og Lofotfiske.



Her er tørrfisken "hausta inn". Den sto på glattisen borte ved kaien i dag.

Vi har to fiskar hengande på klessnora vår, og ein på bodveggen, så det er ikkje fullt så mykje som dette som kjem frå fiskegjelet.

På fredag kom det "rekande" ein stor "skrei",torsk, på døra vår! Den var kome frå Lofotfisket, frå Røst. Det var berre aldeles nydeleg! Fleire middagar har vi to av den.

På fredag skal Gunnar på Lofotfiske, til Røst. Der ligg det ein fiskar og ventar på han. Han gler seg enormt til å få med seg denne opplevelsen.

2 kommentarer:

  1. Stileg!!!
    Kunne tenkt meg å vore med på den fisketuren!!
    Kansje Gunnar blir sjøsjuk?
    Kommer historie fra den turen seinare?
    Håper dere har det bra.
    Me hadde besøk av Sindre og Camilla forrige helg. Det var kjempe kjekt.
    Me snakkest!!

    SvarSlett
  2. Ja, sjøsjuk har han vore til gangs!
    Men ei stor oppleving har det vore. Snart er han heime att.
    Du hadde nok kosa deg du og, Øyvind!

    SvarSlett