lørdag 31. januar 2009

Litt av bebyggelsen!



Litt av bebyggelsen på Helligvær i soloppgang!

På stranda!


Vi rusla bortover ei strand og satte fotspor i sanden..... Landegode i bakgrunnen.

Dekorativt!


Utruleg korleis lyset får til dei flottaste dekorasjonane på himmelen!! Også dette i morgontimane!

Frukost!



Slik ser "Oluf på Helligvær" ut!

Soloppgang, utsikt mot Bodø.


Her inntok vi "frukosten" i dag, ved "storavatnet". Himmelen var så nydeleg i sine perlemorfargar i morges, så vi gjekk opp i haugane og kom dit når sola sprattt fram.Ikkje det beste å ta bilete mot lyset, men bileter må berre takast!
Å få sitte slik å berre nyte Guds skaparverk er fantastisk! Det kan kjennast som om det berre er Gud og barnet som er til stades i verda!
DEN EINE!

Av og til
Gud
oppfører eg meg
som om
det berre er
meg
for Deg
i heile verda


Av og til
Gud
fortel eg til Deg
dagen lang - natta lang..
som om
Du ikkje har andre enn
meg
i heile verda


Av og til
Gud
spør eg deg om
mange småting - mange store ting..
som om
Du ikkje har andre å hjelpe enn
meg
i heile verda


Alltid
Gud
oppfører du deg
fortel du meg
spør du meg
som om
eg er
den einaste
for Deg
i heile verda

onsdag 28. januar 2009

Januarhelsing.


Stille hav, sol og kaldt vær. Folk ruslar forbi "huset på prærien" på sine trimturar, og innover hit til "Godtkrokan".
Då floa var på sitt sterkeste for ei tid sidan, sneik sjøen seg langt innover land enn det normale, som her på bilete.

No må eg kome meg ut! Vind er her nok av elles!


Vinden!

Nokre timar kjem han frå
øst
før han dreg mot
sør - øst.

Han vender så om
nord - nordvest.

Vinden er så lunefull,
snart er han berre
vest.

Det dreg så mot sør - sørvest
og dreier til vest - sørvest.

Vind og menneska er lure
og gjer meg
litt
sure…

Eg kan ikkje stole på
om eg ”bølgja” vil få.

Du, er stabil
godt at du er til

Du kjem fram
gang på gang:

”Du kan ta det med ro,
vi skal klare oss på havet
vi to.”

(På øya ute i havgapet.)

søndag 18. januar 2009

Himmelen på Helligvær!

"Soloppgang" på Helligvær, 18/1 - 09. - Gunnar var ute i dag tidleg og foreviga desse syna! (Også bilete under.) Er det ikkje nydeleg?





"Solnedgang", ca. kl. 14.00, 15/1 - 09.



torsdag 15. januar 2009

SOLA!

Må berre fortelje at eg såg "den gule, runde" på himmelen i dag! Og det i eit syn over "fjellan" då vi hadde lagt ut frå Bodø med hurtigbåten i dag. Det var eigentleg fantastisk.
Då eg gjekk av på kaien heime i 14 -tida, og rusla bortover til "huset på prærien", såg eg atti solnedgangen i vest. Og det synet foreviga eg! Så no skulle eg hatt ein som kunne lagt inn bilete rett frå kamera for meg. Kanskje kan eg få hjelp til dette i morgon, - då skal du få sjå noko fint!

Det går opp for meg at dette med at sola kjem tilbake, er noko enormt stort i nord. Dei skipar gjerne til "solfest" og Avisa Nordland skriv og intervjuar folk om korleis det er når sola kjem att......og det etter berre ein månad borte.

"Sola er god, sola er toppen...." det var vel Børudgjengen som song den i si tid.....
........."Sola i NordNorge er best synes jeg".........

onsdag 14. januar 2009

Landegode.

Mange har aldri høyrt om fiskeværet, Helligvær. Men "Landego" derimot, har mange høyrt om. Det ligg med sine mektige fjell mellom Bodø og Helligvær, og er eit prektig syn for auga.

Dette bilete er tatt på kan hende den flottaste dagen vi hadde i haust. Vi hadde denne dagen reist til kyrkje i fiskebåt, og etterpå drog vi vidare til denne øya, Vetterøy, og gjekk oss ein tur og rasta i det fri. Der sat vi i "høyden" og såg utover eit blikkstilt hav og utover på øyer, holmar og skjer. Sola skinte frå skyfri himmel!


Vi vinka og til presten som var på veg heim til Bodø i sin seglebåt. Og vi var like i nærleikan av ørnerede!
- Ja, havørna har vist seg for meg i dag og! Det er eit flott skue kvar gong!

"Huset på prærien".


"Huset på prærien", kor vi bur. Det er ein tomanns -bolig, vi bur i næraste leilighet. Det er ein kommunal bolig, til utleige for slike som oss.
Bilete er tatt på vegen til "sentrum", kaiområdet.

I dag har sola vist seg for folk på øya og! Og ute er snøen atter komen! Ungane er ute og kosar seg, dei akar ned på vegen, og ligg rett i vegen.....ikkje store faren for biltrafikk!

Det er vindstille for øyeblikket, stjerneklart og nydeleg. Bilete skulle jo vore med snø då!!!

tirsdag 13. januar 2009

Skyssbåten!



Skyssbåten på veg til kyrkje, 1.juledag!

Vi var med 3. skyss denne dagen, då båten tar berre 18 personar om gangen. Så då kan de tenkje dykk at av ca. 90 personar, var det en stor % av øyas befolkning i kyrkje! Noen betre?

Denne båten går mellom øyene i samband med at rutebåten til byen, går og kjem.

mandag 12. januar 2009

Bilete frå "Godtkrokan".


Dette er til vegs ende nord på øya. Utover at det ligg båtar ved flytebrygga, ligg ein del fiskebåtar ankra til venstre for bilete her.
No i vinter er det også sett opp eit par fiskegjel på denne staden som fotografen tar bilete i frå.
Bilete av gjela, kjem kanskje siden.
No har eg klart dette, - heilt aleine, - så kanskje kjem dte snart eit bilete til!
Ha ei god veke!

Kyrkja på Helligvær!


Hei!

Med hjelp over til telefon av Sindre no, klarte eg faktisk å få inn eit bilete av kyrkja på Storsørøy i Helligvær. Kyrkja var eit bedehus tidlegare, og i fjor var det 100 år sidan den vart omgjort til kyrkje. Då fekk Gudshuset tårn og sakresti. Kyrkja er i dag ei litt "heimekoseleg" kyrkje med m.a. gardiner i kyrkjerommet.
Det blæs godt fortsatt her i nord, og vannstanden er høg. I helga var floa ganske mykje over normalen, og det merkast godt her vi bur, ikkje langt frå sjøkanten. Vatnet steig, og vi var ikkje mange metrene frå sjøen, nei.
Elles skal sola ha kome tilbake etter at den har vore borte i ein månad, seies det, men ho har ikkje helsa på oss enda. Sola går forøvrig ikkje heilt ned i horisonten, men bak fjella gøymer ho seg i ein månad for oss "Helligværingar". Ville no gjerne opplevd fullstendig mørketid, eg då, men då måtte vi ha fore lengre nord!
Ha det bra så lenge!

fredag 2. januar 2009

Godt Nytt År!!!



Godt Nytt År!
1.nyttårsdag! På tur opp til værstasjonen med utsikt mot nord. Du kan kanskje skimte kyrkja ute på ei øy!
Snøen er atter komen til Helligvær! -
Så vart Helligvær satt på "kartet" natt til nyttårsafta! Den sterkeste stormen herja akkurat hos oss om natta, oppi orkan,38m/s. Solveig og Jan låg i 2.etg. i hytta i ""Godtkrokan" å vaia. Minna Solveig om jordskjelv.
Vår venn, Karstein og sonen låg på alle fire på flytebrygga og såg etter båten. Vi to "gamle" og David streva oss mot vinden etter å ha fylgt dei unge til hytta. Vinden stansa oss så og seie opp.

Solveig hadde seg ein båttur saman med vår venn i dag i ein liten "påhengs". M.a.fekk ho sjå ørnerede frå sjøen. Fisketur vart det ikkje på henne, båten kunne ikkje drive i dag.-

I morgon vert vi atter aleine her på "været". Då har vi faktisk tenkt oss på hyttetur sjølv, - heilt til "Godtkrokan". Hørtes ikkje det kjekt ut?
Opplevelsane står i kø for Solveig i dag! No kom ho springande inn: "Det er Nordlys"! Den sto som ein "bue" over himmelen!
God helg!