lørdag 27. desember 2008

Helligvær.


Gunnar og eg (Herlaug) bur eit skuleår på Helligvær. Det er ei øygruppe, fiskevær, ca.3 mil rett vest frå Bodø. Det er eit øyrike beståande av ca. 365 øyer, holmar og skjer. Det bur vel 90 menneske på Helligvær. Vi bur på hovudøya der det både er butikk, skule/barnehage og fiskemottak! Meir treng vi ikkje. - Gunnar jobbar på skulen som lærar, og eg får lov å vere heime å lage middag til maen og gå på butikken å handle. Det er godt å få lov til å "senke skuldran" for ei tid!


Dessutan kosar eg meg med å skrive litt, så kanskje kjem det ein liten "epistel" innpå bloggen her!


Dette er ein vidunderleg stad! Vi kjem ikkje lengre på at vi skal i bil når vi skal nokon stad, for det skal vi jo ikkje. Det er vel tre bilar på heile øya, og nokre få traktorar. Når vi skal frakte mykje varer heim frå kaien, låner vi oss ei trillebår, slik er den suta løyst. Når vi skal til byen, er det i båt, - men mellom klokka 15 på laurdag - kl 18.30 på sundag må vi halde oss i ro, om vi ikkje har fiskebåt eller anna båt å kome oss avgarde med. Og det har ikkje vi!


Men vi har så mykje meir! Vihar havørna, vi har nordlyset, mørketid og midnattsol, - flotte menneske rundt oss, og så har vi kvarandre.


Så Ønsker vi GOD JUL til den som måtte kome over dette! Herlaug og Gunnar.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar