torsdag 15. januar 2009

SOLA!

Må berre fortelje at eg såg "den gule, runde" på himmelen i dag! Og det i eit syn over "fjellan" då vi hadde lagt ut frå Bodø med hurtigbåten i dag. Det var eigentleg fantastisk.
Då eg gjekk av på kaien heime i 14 -tida, og rusla bortover til "huset på prærien", såg eg atti solnedgangen i vest. Og det synet foreviga eg! Så no skulle eg hatt ein som kunne lagt inn bilete rett frå kamera for meg. Kanskje kan eg få hjelp til dette i morgon, - då skal du få sjå noko fint!

Det går opp for meg at dette med at sola kjem tilbake, er noko enormt stort i nord. Dei skipar gjerne til "solfest" og Avisa Nordland skriv og intervjuar folk om korleis det er når sola kjem att......og det etter berre ein månad borte.

"Sola er god, sola er toppen...." det var vel Børudgjengen som song den i si tid.....
........."Sola i NordNorge er best synes jeg".........

1 kommentar:

  1. Hei!!!!!! Visste ikkje at dåke hadde blogg! Så kjekt! Har ikkje fått lest så masse endo, men denne skal eg kosa meg med!!! Det ser jo heilt nydeligt ut der oppe:-)

    Me treffes på bloggen!

    Klem fra Ranveig

    SvarSlett