torsdag 19. mars 2009

Fiskaren!



I dag har eg klart det utrulegaste! Eg fekk ein mail med dette bilete på, frå sjølvaste Røst, - og no har eg fått det over på bloggen! Men korleis gjorde eg det mon tru? --

Dette er altså eit skikkeleg fiskarbilete!

Og er han ikkje fin, - fisken altså?

onsdag 18. mars 2009

Bygevær!




Så har vi hatt bygevær! Her passerer det nord for øya vår! Skyene i øst!
Fiskaren er heimkomen, og gjett kva kan snakkar om? Det er fisk og atter fisk, fisk på opptil 20 kg. og alle dei tonna dei fiska opp av havet! Også om all den gode maten han åt ombord i sjarken! Snakkar lite om all den gode maten han sjølv "gav til fisken" - heldigvis, - det er nesten glømt.
Fiskarmiljøet opplevde han fint, - og fiskarheimen var visst ein "oase" å kome til for ein fiskar.
Skal sjå om eg får han til å skrive litt sjølv.

Hurtigruta!



Visste du at det går an å besøkje hurtigruta mens den ligg i ro eit sted?

Frå kl.13 - 15 ligg den til kai i Bodø, før den drar vidare nordover.- Middagen der er nydeleg , - var det "sesampanert flyndre" det heitte, mon tru?

Og vi måtte jo titte litt ombord elles og! Kanskje kan det bli eit havstykke på oss på veg heimover til sommaren? Vi får no sjå!!

Vinter på hell.



Vinteren er på hell, på Helligvær. Før helga var det slike "snøfigurar" å finne, men elles bart. Båten er til stades "over alt".

Men faktisk ligg det i dag et lett lag med snø att på øya.

mandag 9. mars 2009

Lofotfiske!



Mannen i huset er altså på Lofotfiske! Kor mange fiskar han mata i dag, veit eg ikkje! Eg synes litt synd i han. - Men han kom seg no på dekk etter kvart og fekk den store opplevinga det var å sjå båten bli lasta med minst eit tonn fisk. - Fisken vart dregen opp med "Juksa", ein etter ein. Ein fiskebåt har ofte fleire "jukser", - det er maskinar.

Større båtar fiskar med garn eller snurrvad. Ein snurrvad er som ei not ein snurpar saman. Dei får ofte opptil fleire tonn dagleg.

No kan eg få fiskarane på "nakken", for det kan jo hende at eg ikkje har klart å oppfatte alt rett, - men prøver etter beste evne å lære litt "fiskarspråk".

Fiskarheimen, Havly, var ein fin stad å besøkje i helga, forsto eg.

Ja, eg unner mannen min denne "gutedraumen" å vere fiskar!

(Men berre for ei tid, -eg klarer meg ikkje utan han altfor lenge.)

(NB. Og bilete er IKKJE frå Lofoten. Det skulle det jo vore, men diverre er ikkje "bloggaren" der....Skal prøve få fiskaren sjølv til å fortelje frå fiskaryrket sidan.)

Måneoppleving!!





Skulle jo hatt eit anna kamera i slike kveldsstunder.
Aldeles nydeleg å gå heimover i kveld i den kalde vind.....
Eg kan ikkje la vere å dele det med deg.
(Trykk gjerne bilete i stor størrelse.)

"Herre, som du har gledet meg,
med ditt verk har du frydet meg.
Underfullt er det verk som du gjorde,
Du, den, mektige konge vår store.
Ja, jeg jubler over verket stort,
over alt Du har gjort.
Herre, Kristus, takk for gjerning stor!"
(etter salme 92.5.)

søndag 8. mars 2009

Kuling og tørrfisk.




Stormfullt langs stien på østsida av øya i dag. Vinden skyvde oss til sides og fram, kuling, men om det var liten, stiv eller sterk er eg ikkje sikker på....vil tru sterk! Det tok lang tid før den raude kinnfargen forsvant etterpå, friskt og godt, ser du!
Syntes berre du måtte få sjå vårt "fiskegjel" også, som eg skreiv om tidlegare!
Eg har nok fått "bloggedilla", men det avtar vel etterkvart. Det er enda så spennande dette med å gje ut inntrykk av denne "heilage øya"!