søndag 9. januar 2011

Fast fotfeste!

Bilete frå snøvinteren i fjor.-

I går kveld køyrde vi nedover-bakke på berre klink-isen. Den som ikkje var skodd med piggar på den strekninga, kunne kanskje oppleve litt svingom. -
Glad for at eg hadde ordna meg med piggar til skotøy, kunne eg i dag også ta ut på spasertur på holkete føre. Om eg så hadde dutte, ville piggane ha hjulpe meg opp på ny! Men kva om eg ikkje hadde hatt godt feste til den turen i dag? Eg kunne neppe lagt i veg!
Så viktig det er å"sko seg rett" slik at ein har eit feste i livet! I enn kva som skjer, har eg då ein trygghet. Har eg festa min lit til Den Allmektige, vil eg kome til å reise meg etter eit fall, - for Han er med!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar